Forsiden:
Om Klubben
I 2008 starta Lasse Lerum, forloveden hans Monica Kortner og Catrine Andresen
opp ei aktivitetsgruppe som då fekk navnet Vevring Aktivitet og Sjølvforvar.
Gruppa var meint å halde eit treningsopplegg rundt basisk fysikk og heilt enkelt sjølvforsvar.
Denne gruppa talde ca. 25 elevar i starten, i variert aldersgruppe.
Etter kvart blei det aktuelt å registrere gruppa i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite.
Dette skulle vise seg å vere vanskeleg då gruppa ikkje dreiv noko rein idrettsgrein.
Det blei då valgt å gå inn for ei Tae Kwon Do gruppe, då dette var noko Lasse
hadde dreve med før i Sogndal.
Etter eit konstituerande møte oktober 2008, såg Vevring Tae Kwon Do dagens lys.
Lasse tok opp at kontakten med Tae Kwon Do-miljøet og i januar 2009
starta gruppa opp aktivt trening i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite
gjennom Norges Kampsportforbund WTF-Seksjonen.
I november 2009 deltok elevane på sin fyrste gradering,
som blei holdt i samarbeid med Sogndal Tae Kwon Do.
Pr. i dag teljer gruppa rundt 18 aktive elevar i variert aldersgruppe.
Klubben har eit fungerande styre og eiga webside.