Forsiden:
Om Klubben
1.
Legg igjen personlege problem, kranglar og liknande "utanfor" treningsalen.
Viss noko av dette vil påverke deg under trening eller du har
helseplagar/skadar og liknande ein treng å ta omsyn til,
gje beskjed til instruktør på førehand.
2.
Ta av/dekk til smykke, klokke og liknande under trening.
Dette er for å unngå skadar.
3.
Beskjedar frå instruktør skal alltid følgjast.
4.
Du helser (bukkar):
- Kvar gong du går ut og inn av dojang (treningssal)
- Ved start og slutt på treninga
- Før og etter du har trena med partnar
- Når du vender deg til ein instruktør eller senior elev for hjelp
5.
Alle skal trene i kvit dobok med tilhøyrande belte med rett grad.
Beltet skal aldri takast av under trening,
med mindre instruktør har gitt beskjed om det.
6.
Alle skal trene barføtt med mindre det er gitt andre beskjeder
eller ein av spesielle årsaker treng fottøy
(Dette må avklarast med instruktør på førehand).
Alle neglar skal vere kortklypte.
Dette er hygienisk og ikkje minst for å unngå skadar.
7.
Drikkepause når instruktør gir løyve til det.
Røyking, alkohol, usunn mat, tyggegummi etc. er strengt forbode i dojang.
8.
Upassande oppførsel som banning,
unødig snakking og bråk blir ikkje godteke.
Ingen diskusjon på trening, eventuell usemje skal takast opp etter trening.